Total Rekneskap AS søker statsautorisert rekneskapsførar
Total Rekneskap AS søker dyktig og erfaren statsautorisert rekneskapsførar til ei bedrift i vekst. Stillinga er fulltid, lønn etter avtale. Me har behov for ein sjølvstendig og strukturert person med gode samarbeidseigenskapar.
Kostnader til kurs for å oppretthalde din autorisasjon vil bli dekka av oss. Erfaring innan systemverktøya er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring blir gitt.
Arbeidsoppgåver:
· Avstemming
· Periodeavslutning og rapportering
· Årsoppgjer
· Rekneskapsføring frå A-Å
· Lønnskøyring for kundar
· Fakturering for kundar
· Betalingsformidling for kundar
Systemverktøy:
· Tripletex
· Power Office Win
· Conta
· Fiken
Om bedriften
Me kan tilby:
• Fleksibel arbeidsplass og tid
• Moglegheit til å utvikle deg sjølv vidare innan fagfelt ein ynskjer
• Vere med å påverke utviklinga til bedrifta
• Bli ein del av framtidsretta selskap som er papirlaust og nyttar dei nyaste løysingane
Total Rekneskap AS har i dag kontor i Eivindvik, Sløvåg og Brekke i Gulen kommune, Vestland