Vi søkjer dyktige og entusiastiske fagarbeidarar/assistentar. Er det deg?
Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?
Frå og med 01.08.24 blir det ved Hildre Montessoriskule ledig 2x70% vikariatstilling som fagarbeidar/assistent.
Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.
Om stillinga
• 1x70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit ut skuleåret 2024/25 med høve for forlenging
• 1x70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit til 31.12.24 med høve for forlenging
Arbeidsoppgåver:
• Bidra i daglege aktivitetar og vere ein støttespelar for både elevar og lærarar i skulekvardagen
• Bidra til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
• Bidra til ein aktiv og positiv SFO
• Delta på turar, utflukter og arrangement
• Bidra til eit godt samarbeid med føresette, som skapar tryggleik og tillit
• Tett samarbeid med kollegaer
Dine faglege kvalifikasjonar:
• Fortrinnsvis fagabeidar i barne- og ungdomsarbeiderfag
• Dyktig i norsk språk, både munnleg og skriftleg. Anna morsmål kan også telje positivt.
• Ønskeleg med erfaring med barn med ulike utfordringar
Dine personlege eigenskapar:
• Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig
• Du har god formidlingsevne
• Du er ein tydeleg vaksenperson og god rollemodell for elevane
• Du handterer endringar og utfordrande situasjonar
• Du bygger gode relasjon med barn og mellom barn
• Du arbeider godt saman med andre
• Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
• Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø for barna og for vaksne
• Du trivast med både innandørs- og utandørsaktivitetar
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
• Lønn etter gjeldande tariff
• Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Utfordrande og spennande oppgåver
• Geografisk område i vekst
• Høve for varig tilsetjing ved behov
• Eit skulemiljø med engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar
• God oppfølging av konseptansvarleg og rektor
Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i skulen.
For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:
Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no
Søknadsfrist: 05.05.24
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.