Vossa Jazz søkjer Dagleg leiar samt ein administrativ medarbeidar/produsent
Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 50. festivalen i 2023. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar -- på tvers av generasjonar.
Me søkjer no etter to personar, Festivalsjef (100%) og Produsent (90%), som begge:
• brenn for å levera gode kunst- og kulturopplevingar
• har gode samarbeidsevner
• er sjølvstendig og systematisk
• har gode kommunikasjonsevner
Og som Voss Herad skriv når dei lyser ut stillingar:
"Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport."
Send søknad og CV til styret sin nestleiar på: magne@kalstads.no
Merk søknaden med kva for ein stilling du søkjer på ev. om det er begge.
Søknadsfrist 12. mai 2024.
Har du spørsmål ta kontakt med styreleiar Hilde Magnusson på m. 41566450
eller nestleiar Magne Kalstad på m. 91691881
Fullstendig utlysing av stillingane finn du på Vossa Jazz si heimeside: https://vossajazz.no/
Om bedriften
Sjå meir på heimesida om Vossa Jazz, ein av Noregs viktigaste jazzfestivaler