Ønskjer du ein givande, lærerik og spennande sommarjobb?
Sidan Bømlo Folkehøgskule skal arrangere ferietilbod i regi av Bergen kommune, treng vi leiarar til sommarleirar for barn og ferieopphald for vaksne sommaren 2024.
Kva kompetanse treng du:
- Erfaring frå arbeid med barn eller med vaksne utviklingshemma
Personlege eigenskapar
- Likar å ta i eit tak, positiv, sosial og glad i å arbeide med menneske
For meir opplysningar om stillinga, viser vi til
https://bomlo.fhs.no/wp-content/uploads/Info-heimesida-var-SLBFOV-2024-2.pdf
Om bedriften
Bømlo Folkehøgskule ligg på øya Bømlo i Sunnhordland og driv primært folkehøgskuledrift.
Bømlo Folkehøgskule skal også sommaren 2024 arrangere sommarleirar for barn og ferieopphald for vaksne utviklingshemma frå Bergen kommune.