COOP PRIX SELJE søkjer ferievikar for sommarsesongen 2024
Har du lyst til å jobbe i butikk?
Vi søkjer ein engasjert og hyggeleg medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag, og er open for å lære noko nytt. Du er opptatt av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivest. Som ferievikar i sommarsesongen vil arbeidsturnusen være på heiltid, med arbeidstider både på dagtid, ettermiddagar og laurdagar.
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Tipping / post
- Forfallande reinhald og rydding
Vi forventarat du tek ansvar, og er hjelpsam og imøtekommande. Du jobbar strukturert og effektivt, likar god orden, og taklar hektiske situasjonar med godt humør. Det er viktig for oss at du bidreg til trivsel for kunden, og eit godt arbeidsmiljø i butikken.
Hos oss får du
Varierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtalar for tilsette.
Høyrest dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Spørsmål om stillinga kan rettast tilButikksjef Roald Halsør på tlf. 992 69410.
Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 24. april 2024
Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.