Ungdomsarbeidar 15 %
Bore Sokn
Solavegen 311, 4352 Kleppe
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsarbeider i menighet
Oppstart
15. august 2024
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 15%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Brenn du for kristent ungdomsarbeid? Då kan dette vere noko for deg! Me søker etter ungdomsarbeidar til Bore menighet, 15% prosjektstilling for skuleåret 24/25.
Bore menighet vil gjerne bygge opp fleire ungdomsleiarar og skape eit godt fellesskap der unge leiarar kan vekse i eit godt miljø. Me har mange konfirmantar kvart år, og er opptekne av å gje dei gode opplevingar og fortelje om Jesus.
Ungdomsarbeidaren vil arbeida saman med menighetspedagogar og resten av staben i menigheten.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er i hovudsak knytt til aldersgruppa 13 - 18 år.
- Rekruttere, fylgje opp og inspirera frivillige ungdomsleiarar.
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar for ungdom.
- Vere med i konfirmantarbeidet inkl. weekend til Evje, saman med ungdomsleiarane
- Arbeidstida er knytt til kveldar og helger, og passar godt å kombinere med skule.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring frå menighet eller kristne organisasjonar.
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- Kjennskap til kristent ungdomsarbeid.
- Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Kunne ta initiativ og ha evne til å gjennomføra prosjekt
• Vera fleksibel, strukturert og ryddig
• Ha evne til å kommunisere og bygge relasjonar med andre ungdommar
• Det vil bli vektlagt om søkaren er personleg eigna til stillinga
Me kan tilby:
• Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
• Lønn etter gjeldande tariff, som menighetsarbeidar.
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna
- Den som får tilbod som stillinga må legga fram godkjend politiattest før tilsetting.
- Oppstart medio august.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bore kyrkjelyd ligg i Klepp kommune. Kyrkjelyden har ca 3 200 medlemmar og vert rekna som ein <<tregenerasjonars-kyrkjelyd>>
Det vert drive mykje godt frivillig arbeid. Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som pr. i dag består av sokneprest, menigheitspedagog, sekretær, trusopplærar og dagleg leiar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2646743
- Sist endret
8. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5ceae71b-f3f7-4afd-873b-4306a0938312