Lærerar - 2 x 100 % faste stillingar
Gvarv skole er ein 10-årig skule og har pr. i dag 370 elevar og 60 årsverk. Skulen ligg flott til i eit innbydande uteområde med tilgang til skog og ulike uteaktivitetar. Vi har eit nytt flott skulebygg som vi er stolte av.
Visjonen vår er: Gvarv skole, en skole for alle. Trygghet, Trivsel og Læring.
100% fast stilling på ungdomstrinnet
100% stilling på barnetrinnet
Arbeidsoppgåver
For barnetrinnet:
- Undervise i dei fleste faga
- Kan bli aktuelt å vere kontaktlærar
For ungdomstrinnet:
- Undervise i matematikk på ulike trinn
- Samarbeide med matteseksjonen
- Undervise i andre fag etter relevant kompetanse
- Kan bli aktuelt å vere kontaktlærar
For begge stillingane:
- Delta i skulens utviklingsarbeid
- Analysere og følgje opp elevanes læring i dei ulike faga
- Sørge for at kvar enkelt elev opplev utvikling, mestring og motivasjon
- Arbeide for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Delta i og bidra til eit lærande fellesskap og lærarteam ved skulen
- Fremme eit godt samarbeid mellom heim og skule
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning grunnskole 1. - 7. trinn eller 5.-10.trinn på universitets-/høgskolenivå.
- Godkjent pedagogisk utdanning med referanse til opplæringslov. Primært søkjer vi lærarar med godkjent antall studiepoeng i basisfagene (norsk, matematikk og engelsk) for trinna det skal undervises i. Annan relevant utdanning kan vurderast.
Ønska kompetanse
- På ungdomstrinnet er det et ønske at søkjaren har matematikk i si fagkrets
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:- Er ein trygg og tydeleg klasseleiar og som er oppteken av at læring foregår i eit inkluderande fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har ambisjonar på elevens vegne og motiverar til læring
- Bidrar til å skape positive og gode relasjonar til elevar, medarbeidarar og føresette
- Er fleksibel og lærevillig, kreativ og nysgjerrig
Personelg egnethet vil bli tillagt vekt i tilsettinga
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit støttande og utviklande fagmiljø.
- Målet er at du skal vere trygg når du arbeider hos oss.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastast opp i Webcruiter.
Kontaktinformasjon
Marianne Strandberg, Konst. rektor, +47 91395932Arbeidsstad
Tinghaugvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4798241192
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 29.04.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.