Helsefagarbeider - vikariat, 2 . gongs utlysing
Er du på jakt etter ein variert, lærerrik og engasjerande arbeidsplass?
Ønsker du å jobbe ein stad kor du får ansvar og samarbeidar med ulike aktørar?
Er du på utkikk etter ein jobb kor du får bruka faget ditt? Da er du den vi ser etter!
Notevarp er ei avdeling under Bo- og miljøtenesta i
Midt-Telemark kommune, lokalisert på Gvarv. Tenesta har 44 årsverk og 15 brukarar. Det er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
Vi kan tilby romsleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer i alle alder, både kvinner og menn. Vi jobbar med brukaren i fokus, har eit bredt fagmiljø med fleire yrkesgrupper som jobbar i team.
Stillinga har 4 kvar helg med lange vakter på 12.5 timer alle dager.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Følge dagsplaner
- Delta aktivt i teamet rundt bruker og ellers i miljøet
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis Helsefag arbeider / Barne og undomsarbeider.
- Andre med relevant erfaring vil bli vurdera.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har mål og er resultatorientert
- Du som i tøffe og utfordrande situasjonar har evne til å behalde roen
- Vi samarbeidar mykje fleir/tverrfagleg og derfor er gode samarbeidsevner eit must.
- Du må vere beslutningsdyktig, arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Du bør ha erfaring knyta til HOL kap. 9, utforming av vedtak, rettleiing av tilsette i HOL kap. 9 , og ha kunnskap om
behovet for etiske refleksjonar knytt til dette arbeidet - Du må ha evne til å bruke humor i ein hektisk kvardag.
- Vere ein raus kollega som er ei støtte for andre.
- Å kunne gje og ta imot konstruktive tilbakemeldingar
- Personlege eigenskapar og egnahet vektleggast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar, +47 48139236Arbeidsstad
Skrivarvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4800217106
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2024
Sluttdato: 30.04.2025
Søknadsfrist: 29.04.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.