Museumsgartner ved Svinviks arboret
No er vi på leting etter deg som ønsker å vere med og bygge framtidas regionsmuseum saman med oss. Vi søkjer museumsgartner i 100 % stilling med særskild ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret og fagansvar for levande samling i Nordmørsmusea.
Du vil få ansvar for
- å administrere, utvikle, koordinere og følge opp den daglege drifta og den levande samlinga ved Svinviks arboret i tråd med museet sitt planverk og samfunnsoppdrag.
- å følge opp og bidra til utvikling av den øvrige levande samlinga i Nordmørsmusea.
- å bidra til den museumsfaglege utviklinga av Nordmørsmusea.
Dette er ei sjølvstendig stilling med stort rom for utvikling og nyskaping. Stillinga vil inngå i fleire faggrupper regionalt og lokalt.
Du får også
- spanande arbeidsoppgåver i eit godt og interessant arbeidsmiljø.
- engasjerte og kunnskapsrike kollegaer lokalt og i heile regionen.
- god pensjonsordning (KLP).
- løn etter tariff.
Du må
- ha relevant plantefagleg utdanning.
- ha erfaring frå liknande og relevant arbeid.
- like å jobbe både praktisk og administrativt.
- evne å planlegge, leie og ferdigstille arbeid og prosjekt.
- snakke og skrive flytande norsk og engelsk.
- ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.
Du bør dessutan vere glad i levande vesen og kommunisere godt med både kollegaer, frivillige, publikum og andre. Vi kjem til å vektlegge om kandidaten er personleg eigna til stillinga. Oppstart etter avtale, seinast hausten 2024.
Kontaktperson for stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du treff ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller på telefon +47 97 65 42 94. Send søknad med CV til samme adresse eller ta kontakt om du lurer på om dette er noko for deg.
Søknadsfrist: 1. mai 2024.
Om bedriften
Nordmørsmusea (NMAS) er regionmuseum for den nordmørske kulturarven, med hovedkontor i Kristiansund og lokalmuseer i åtte kommuner.