Kategoriansvarleg Frukt og Grønt
Om føretaket: Encon er eit fullsortiments grossistselskap som forsyn eit bredt spekter av kundar. Me ynskjer å satse stort på avdelinga vår for frukt og grønt.
I samband med denne satsinga ynskjer me no å tilsetje ein kategoriansvarleg for frukt og grønt for å styrke satsingsområdet. Dette er ei nyoppretta stilling der du har moglegheit til å påverke din eigen arbeidsdag.
Me søkjer ein strukturert og kvalitetsmedviten person til vårt team, som har god kompetanse innan frukt og grønt.
Arbeidsoppgåver:
· Lagerstyring og kontroll av frukt og grønt.
· Kvalitetskontroll og sikring.
· Overvake kvalitet på frukt og grønsaker gjennom heile distribusjonsprosessen, frå innkjøp til levering til kundar.
· Kontakt med kundar for oppfølging og sal.
· Skape gode haldningar og bygge eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar og forventingar:
· Erfaring med frukt og grønt.
· Gode IT-kunnskap.
· God på kunderelasjonar.
· Fleksibel.
· Du er strukturert, effektiv, ansvarsbevisst og løysningsorientert.
· Ha fokus på kontinuerleg forbetring for å gi kunden best mogleg oppleving av våre produkt.
· Støtte og inspirasjon til andre kollegaer.
· Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
· God kjennskap til mattryggleik og hygienestandardar.
Kva du kan forvente av oss:
· Ordna løns- og arbeidsvilkår.
· Moglegheit til å påverke di eiga stilling og struktur.
· Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
Om du har rett bakgrunn og ynskjer å vere ein del av vårt team, send inn søknad og CV til camilla@encon.no.
Etter eventuelt intervju vil det vere behov for referansar. Søkarar vil bli handtert fortløpande.