Det Vestnorske Teateret søkjer lydteknikar i fast 100% stilling.
Om stillinga:
Det er ei fast 100% stilling ved teateret. Lydteknikaren er organisatorisk plassert under teknisk sjef.
Lydtekniker er ein av 6 medarbeidarar som arbeider med å rigge, drifte, produsere, og avvikle, framsyningar ved teateret. Ofte tett saman med lyddesignar og-/eller instruktør, og nokre gonger sjølvstendig.
Arbeidet består mellom anna i å:
- planleggje, utvikle, og rigge dei lydtekniske løysingane framsyningane treng
- følgje opp det lydtekniske arbeidet på scenen i prøveperioden
- avvikle framsyningane på teateret sine ulike scener
- sørge for at dei lydtekniske systema og infrastrukturen vert oppdaterte og vedlikehaldne
- sjå til kommunikasjonssystema til teateret, det gjeld mellom anna medhør og medsyn
I periodar kan lydteknikaren òg setjast til andre oppgåver underlagt teknisk avdeling.
Stillinga inngår i eit teknisk team med flytande samarbeid mellom verkstad, scene, lyd, lys og kostymeverkstad.
Lydteknikaren arbeider i dag etter gjennomsnittsberekningsavtale, og ein må rekne med kvelds- og helgearbeid, og noko reising.
Me søkjer etter:
Me søkjer ein person som ynskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og som kjenner seg igjen i noko av det som er lista opp under:
Overordna:
- Beherskar norsk, skriftleg og munnleg. Språkforståing og evne til å skjøne nyansar i språket vil vere eit av dei viktigaste kriteria lydteknikaren har for å løyse oppgåva med formidling av tekstane teateret skal presentere for publikum.
- Beherskar engelsk, då det er fagspråk for alt teknisk utstyr/verktøy.
- Har særs god høyrsel.
Fag:
- Utdanning innan lydteknikk, elektro eller andre relevante fag. Realkompetanse kan i nokon grad kompensere for manglande utdanning.
- God kjennskap til snapshot/scene programmering i Digico SD Theatre Software. (Teateret nyttar Digico SD9 og SD11 i produksjonane, samt Midas M32 til mindre arrangement)
- God kjennskap til avansert programmering i qLab5
- Erfaring med store lydproduksjonar med både mangfald av aktørar på scene, og band/orkester i tillegg.
- Denne erfaringa må innebere omfattande bruk av trådlaust teknikk som handhaldne mikrofonar, in-ear, og myggmikrofonar (Teateret nyttar Shure Axient)
- Bruk og konfigurering av trådlause system (Teateret nyttar Shure WWB)
- Erfaring med opptak og DAW for lydredigering og multitracking, samt produksjon av kontentum.
- Erfaring med virtual soundcheck.
- Erfaring med AoIP (Dante/Ravenna(AES67)) og kunnskap om nettverksbasert AV utstyr
- Kunnskap om DHCP og administrerbart nettverk.
- Erfaring med oppsett av PA system (Teateret nyttar L-Acoustics A15 på Hovudscenen, med LA Network Manager)
- Erfaring med høgtalar plassering for ulike publikumsoppsett (Teateret nyttar Rational Acoustics SMAART til PA tuning).
- Kjennskap til intercom systemer, og medhør og medsyn (Teateret nyttar Riedel intercom)
- Erfaring med service og vedlikehald av lydutstyr.
- Det er ein fordel med kompetanse på områder som akustikk, elektronikk, svakstrøm o.l.
- Ein fordel med kunnskapar om TCP/IP og datanettverk.
- Det er ein fordel med riggsertifikat eller annan dokumentert opplæring innan rigg av sceneteknisk utstyr.
- Du må gjerne ha gjerne ha erfaring med strømming, kamera og videomix, grunnleggjande kunnskap om lys, projeksjon og videoavvikling, og lyddesign, men dette er ikkje noko som er naudsynt for å søkje stillinga.
Person:
- God teknisk innsikt, også utanfor lydfaget.
- God fysikk.
- God meistring av arbeidspress i hektiske periodar.
- Punktleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter.
- Positiv, strukturert, løysningsorientert, fleksibel og serviceinnstilt haldning.
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
- Førarkort klasse B er ein fordel. Teateret disponerer mellom anna ein stor varebil.
- God kjennskap til HMS-arbeid.
Me kan tilby:
- Løn etter tariffavtale.
- God pensjons- og forsikringsordning.
- Avspaseringsordning og god ferieordning.
- Ein utfordrande og allsidig jobb i eit triveleg og kreativt miljø.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Og gode arbeidsverktøy.
Det Vestnorske Teateret ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og utnyttar potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Me oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Teateret er underlagt offentleglova.
Om bedriften
Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene midt i Bergen sentrum, men turnerer òg i regionen. Me har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Teateret har ei hovudscene og ei blackbox-scene, og i tillegg ei barscene, så det vert produsert og spelt på tre ulike scener i tillegg til noko turnéverksemd.
Teateret har 25 årsverk, fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Teknisk avdeling består av om lag 7 årsverk.
Drifta har tilskott frå stat og fylkeskommune, og den største eigaren er Vestland fylkeskommune.