Tiltakskoordinator kommunale tiltaksplassar
Sogn Vekst AS
Sandgota 2, 6885 Årdalstangen, Hybridkontor
Om jobben
Me søker etter ein koordinator i 100% fast stilling som skal følge opp arbeidstakarar som er tildelt ein kommunal tiltaksplass hjå oss. Du vil inngå i vår tiltaksavdeling og være ein av tre tiltakskoordinatorar som jobbar i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø. Stillinga rapporterar til leiar av tiltaksavdelinga. Stillinga i dag inneberer og drifting av våre sosiale media, samt nettbutikken vår. Den rette kandidaten, som manglar kompetanse på dette området, kan likevel være aktuell.
Stillingstittel
Attføringskoordinator
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Ønska kvalifikasjonar:
Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule og / eller universitet.
- Arbeidsinkluderingskompetanse
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg
- Motivasjon og gjennomføringsevne til å booke og gjennomføre møter med samarbeidsinstansar.
- Førerkort klasse B
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
- Resultatorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- God relasjons- og nettverksbyggar
- Like å jobbe i team og samarbeide med andre
- Trives med hektiske dagar med krav til omstillingsevne og stor grad av fleksibilitet
- Engasjert i målgruppa og løysingsorientert
- Ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgaver
- Koordinering og oppfølging av kommunale tiltaksplassar
- Dokumentering i vårt journalsystem
- Utarbeide individuelle handlingsplanar og vekeplanar
- Delta i oppfølgingsteam
- Bistå med oppfølging av arbeidstakarar på dei ulike avdelingane
- Motivere til fysisk aktivitet og drifte ulike aktivitetstiltak ved bedrifta
- Eventuelt drifte sosiale media og nettbutikk
Vi tilbyr
Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i ei bedrift som stadig er i endring for å tilpassa seg marknadens behov, med kollegar med høg og variert kompetanse.
Me har gode pensjons og forsikringsordningar.
Politiattest må framleggast ved tilsetting,
i henhold til <<Lov om Arbeidsmarkedstjenester>>
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sogn Vekst AS er ei vekst-bedrift som er ISO 9001 sertifisert, med tiltaka VTA, AFT samt kommunale tiltaksplassar. Verksemda er eigd av Årdal kommune og Hydro, og er lokalisert på Årdalstangen.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2646601
- Sist endret
8. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
fc41783c-da9c-46b8-9fdc-d0d7702f81be